Sunday, April 26, 2009

Stemningsrapport frå Byrkjefjell

Laurdag morgon sette to staute karar seg på bussen med sikte på Byrkjefjell. Dei tenkte med seg sjølv at; "Våren e' no endå ung!" Då dei kom opp til den skogen, som ein kan lure på kvifor heiter ein skog, fordi det ikkje er så overdrive med tre der, Kvamskogen, hoppa dei tå bussen. Dei tok beina fatt og vende blikket mot toppen. Mellom toppen og dei to staute karane var det m,ange utfordringar. T.d. ein nedsarva grusveg på eit par hundre meter, den gjennomblaute hundremetermyra og ein liten stigning. Etter nokre minuttar med gåing utan snø under føtene, kleiste dei på seg skia og bånna på oppover, eller, det vil seie, bånne på i den forstand at ein er i søndagsmodus, noko litt slappare enn elles altså. Snøen likna meir på slush enn på puddersnø, men kvar gjorde det? Vi skulle til toppen! På toppen blei det fotoskot og diverse matpakkeopning og slikt. Vi sette kursen nedover igjen, og etter berre bittelitt køyring kom vi på at, oj(!), det er to og ein halv time til bussen går! Det var jo litt i det meste lagwt kan du seie. Så vi slengte oss oppi ein liten flekk med lyng og låg der og steikte oss gode og møre i sola i bortimot to timar. Nedturen vidare var fantastisk, føret var det eg vil kalle "lettsvingt" og då er det digg! Dei to karane heitte Hallvard og Lars Kristian.
Takk for ein grådig moro tur!

Stemningsnivå: TOPP!




No comments: