Sunday, April 26, 2009

Stemningsrapport frå Byrkjefjell, igjen (!)



Fortsettelse frå forrige innlegg:

...dagen derpå tydde den andre av dei to, Lars Kristian, til skigåing på Byrkjefjell igjen. Denne gongen med to andre staute karar, Robert og Jonas. Den andre av dei to som gjekk forige dagen såg tydelege spor etter snøsmeltinga frå dagen før. Litt av ein fart! tenkte han, og gjekk vidare i søndagstempo. Litt om litt nærma dei seg toppen og vende heimat. Nok ein gang: Takk for ein kolossal fin tur!

Stemingsnivå: TOPP!





Fjellvettregel nummer 4 seier:

Lytt til erfarne fjellfolk.


...tvilar på at desse to staute vestlendingane på biletet har gjort det!

Stemningsrapport frå Byrkjefjell

Laurdag morgon sette to staute karar seg på bussen med sikte på Byrkjefjell. Dei tenkte med seg sjølv at; "Våren e' no endå ung!" Då dei kom opp til den skogen, som ein kan lure på kvifor heiter ein skog, fordi det ikkje er så overdrive med tre der, Kvamskogen, hoppa dei tå bussen. Dei tok beina fatt og vende blikket mot toppen. Mellom toppen og dei to staute karane var det m,ange utfordringar. T.d. ein nedsarva grusveg på eit par hundre meter, den gjennomblaute hundremetermyra og ein liten stigning. Etter nokre minuttar med gåing utan snø under føtene, kleiste dei på seg skia og bånna på oppover, eller, det vil seie, bånne på i den forstand at ein er i søndagsmodus, noko litt slappare enn elles altså. Snøen likna meir på slush enn på puddersnø, men kvar gjorde det? Vi skulle til toppen! På toppen blei det fotoskot og diverse matpakkeopning og slikt. Vi sette kursen nedover igjen, og etter berre bittelitt køyring kom vi på at, oj(!), det er to og ein halv time til bussen går! Det var jo litt i det meste lagwt kan du seie. Så vi slengte oss oppi ein liten flekk med lyng og låg der og steikte oss gode og møre i sola i bortimot to timar. Nedturen vidare var fantastisk, føret var det eg vil kalle "lettsvingt" og då er det digg! Dei to karane heitte Hallvard og Lars Kristian.
Takk for ein grådig moro tur!

Stemningsnivå: TOPP!




Saturday, April 25, 2009

Møte med ein lambhushaugianar



Vil du vita meir har han ein sånn derre blogg;

www.lambhushaugen.blogspot.com <- verd å vitje

^goapote da, da e ikkje nåke sjetapote^

Sunday, April 5, 2009

Uttrykkssvingingar oppi haugen

Slepp aldri taket!



Til ettertanke:

Introduksjon:

Sang: You Never Let Go
Artist: Matt Redman
Album: Beautiful News

Even though I walk through the valley of the shadow of death
Your perfect love is casting out fear
And even when I'm caught in the middle of the storms of this life
I won't turn back
I know you are near

And I will fear no evil
For my God is with me
And if my God is with me
Whom then shall I fear?
Whom then shall I fear?

Oh no, You never let go
Through the calm and through the storm
Oh no, You never let go
In every high and every low
Oh no, You never let go
Lord, You never let go of me

And I can see a light that is coming for the heart that holds on
A glorious light beyond all compare
And there will be an end to these troubles
But until that day comes
We'll live to know You here on the earth

Yes, I can see a light that is coming for the heart that holds on
And there will be an end to these troubles
But until that day comes
Still I will praise You, still I will praise You


Denne sangen har vore ganske sterk for meg i forhold til mitt forhold til Gud. Den handlar om kor mykje Gud har for oss, og at han ALDRI i verda, ikkje ain gang har vurdert, å sleppe taket på oss. Han vil vere ei hjelpande hand i vanskelege situasjonar og backe oss opp! Det er ein fantastisk sang å høyre på når ein har(føles i alle fall slik) verdas sværaste leksehaug liggjande framom seg, eller til tider der eg føler ein møte motgang, og tar litt for lett til seg dei negative kommentarane.
I Bibelen,nærare bestemt Hebr 13,6, står det:

Herren er min hjelpar, eg ottast ikkje.
Kva kan eit menneske gjera meg?


Og i Sal 56,4 står det:

Med Guds hjelp skal jeg prise hans ord.
Jeg har tillit til Gud og er ikke redd,
hva kan vel et menneske gjøre meg?


Det er gode ord å ha med seg i kvardagen, uansett kva situasjon ein er i. Det er viktig å tenkje på kor liten betydning ekle ord og slikt frå menneska rundt ein faktisk har å seie. "Dei er jo berre mennekse", blir det også sagt i Bibelen. Det er veldig sant, når eg tenkjer meg om. Vi let menneska rundt oss få alt for stort spelerom når det gjeld å styre humøret og sjølvbiletet vårt. Det er lett å ta til seg hakket for mykje.

Gud er med oss kvar vi går. Han passar på oss og hjelp oss til ein lettare kvardag blant heidningane. Nokon gongar er det heller ikkje så lett å leggje merke til kor ofte han hjelper oss gjennom livet. I kvar situasjon, hvis i lar ham, sjølvsagt.

Ein annan ting angåande dette, som eg faktisk haqr tenkt ein god del på i det siste, er å drive ut menneskefrykten. Å gjere ting, utan å heilt tenkje på kva andre rundt ein kjem til å tenkje om det. Det er lett å tenkje at dei andre vil, kort og greit, synest at ein er dum når ein gjer eit valg litt utanom det vanlege i kvardagen. For meg er det ei fantastisk kjensle. Kjenner berre at ting går så mykje lettare. Rett og slett digg!!(for å bruke eit uttrykk som eg trur ligg lett på tunga til dei fleste framnesingar.

Klar for forandring? :D (Sterkt anbefalt)

Wednesday, April 1, 2009

Andakt 1. April

I matt 4,19 står det:

Han sa til dem: «Kom, følg meg, så vil jeg gjøre dere til menneskefiskere!» 20 Straks lot de garna ligge og fulgte ham.


Eg trur Gud gjennom desse versa vil fortelle til oss kva det verkeleg vil seie å gi livet sitt til ham. Ein må gi slepp på dei jordiske draumane og eigedomane sine og la seg leie av Gud. Lettare sagt enn gjort, altså! Men tenk kor stor lengsel disiplande hadde, når dei gjorde ei så brå omvending i livet sitt! Det er jammen ein stor utfordring! Når vi tenkjer over det, er det einaste vi treng Gud. Klarar vi å gi slepp på det jordiske, vil vi få sååå mykje meir igjen. Gud kan tilfredsstille ALLE behova våre. For meg, har dette vore eit spørsmål som til tider har virka heilt umulig å begripe. Tenk deg eit liv der ein berre lever med og for Gud. Det må jo berre vere heilt fantastisk. Det står også i Bibelen at han vil gi oss det vi treng. Vår, spesielt den vestlege verden, gir oss eit uttrykk for at vi treng så mykje! Alt frå sminke, tidsriktige klede, reiser og alt slikt. Men kva er eigentleg vitsen med alt dette? For i Matteus 6,25-32 står det:

Derfor sier jeg dere: Vær ikke bekymret for livet, hva dere skal spise, eller hva dere skal drikke, heller ikke for kroppen, hva dere skal kle dere med. Er ikke livet mer enn maten og kroppen mer enn klærne? Se på fuglene under himmelen! De sår ikke, de høster ikke og samler ikke i hus, men den Far dere har i himmelen, gir dem føde likevel. Er ikke dere mer verd enn de? Hvem av dere kan vel med all sin bekymring legge en eneste alen til sin livslengde? Og hvorfor er dere bekymret for klærne? Se på liljene på marken, hvordan de vokser! De strever ikke og spinner ikke, men jeg sier dere: Selv ikke Salomo i all sin prakt var kledd som en av dem. Når Gud kler gresset på marken så fint, det som gror i dag og kastes i ovnen i morgen, hvor mye mer skal han ikke da kle dere – dere lite troende! Så gjør dere ikke bekymringer, og si ikke: 'Hva skal vi spise?' eller 'Hva skal vi drikke?' eller 'Hva skal vi kle oss med?' Alt dette er hedningene opptatt av. Men den Far dere har i himmelen, vet jo at dere trenger alt dette.


Kva er det vi strevar etter då? Med gode karakterar, karriere og drømmen om det gode liv?
Så …
… gjør dere ingen bekymringer for morgendagen; morgendagen skal bekymre seg for seg selv. Hver dag har nok med sin egen plage.
Matt 6,34


Verdt forsøket e da ikkje? :D