Wednesday, November 26, 2008

Snjo



Var heime denne helga(deilig!!), og på fredagen begynte det å snø. Fantastisk fin og tørr puddersnø. Så mykje var det ikkje akkurat, men nett nok til å kjenne den kalde snøspruten i ansiktet, som ein gjerne helst vil kjenne gjennom ein god telemarksving i fjellet. Fine krystallar og små detaljar fyllte høstlandskapet.
Og sidan eg er no ganske, eller egentlig veldig, interresert i snø. Og berre går og dagdrømmer om å få feste skia under beina kunne det jo alltids ha vore moro å sjå om eg kunne finne eit bibelvers om snø. Så eg bestemte meg for å ta den nye, og heller lettvinte måten. Eg ploppa inn på nette og googla meg eit bibelvers om snø. Fant ut at det var ein del bibelvers som handla om dette med at vi har gøymde gåver, som var illustrerte som plantene under snøen. Dette verset var det som traff meg mest, då. På ei "søndagsskule-side", faktisk:

"Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne gror kraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til."

Jes 55:10-11

Dette verset handlar om at Gud kaller på oss om å gjere hans gjerningar. Vi kan la oss lede av Gud og gå den vegen han har for oss gjennom orda han talar til oss. :D Det er ikkje alt Gud taler til oss, vi legg merke til heller, sjølv om vi gjer det. For han skriv at "Det vender ikkje tomt tilbake", som det står i verset, og det må jo bety det at alt Gud seier til oss, blir gjort, på eit eller anna vis. :) TØFT

Saturday, November 15, 2008

1hjul



Rider: Gjermund
Spot: Oppå haugen
Shot: Lars Kristian

Hardanger

Tuesday, November 4, 2008

Trommis



Trommis: Eivind Håland
Spot: UKM 08
Kamera: Canon EOS 400d

Saturday, November 1, 2008

Idyll





"Menneskelivet er som graset.
Mennesket er som blomen på marka."


Salme 103:15