Wednesday, October 29, 2008

Solglimt




Ein høstdag i Oktober, innimellom alle vekene med regn og rusk dukka plutseleg sola fram på Framnes. Eit sjeldsynt værfenomen på himmelen!

"Om morgonen høyrer du mi røyst,
tidleg vender eg meg til deg og ventar."


Salme 5:4

Høstfargar




Den mest vanlegaste oppfatninga av høsten er som oftast dette med mørke og regn, iallefall her på vestlandet. Det er ei tung tid med korte dagar og lange netter. Slik eg ser på det er alt i livet hakket tyngre i høstperioden. Ein tenkjer meir, og held seg mest inne. Men ein ting med høsten, som eg ser på som heilt fantastisk er fargane. Har du tenkt på det. Kor djupe og sterke fargar som faktisk stråler ut for ein, i ein mørk og tung kvardag. Tenk på det neste gang du går ute i høstværet. Gud har laga fargeklattar i dei tunge høstdagane våre. Er ikkje det fantastisk? Er nok ikkje berre tilfeldigheiter, nei. :D

Aller aller aller første innlegg!


Har tenkt på det ei god stund no, og no har endeleg tenkingen blitt realitet. Har endeleg fiksa meg ein fotoblogg, for det er det dette kjem til å vere i utgangspunktet. Men ein blogg kan jo ikkje berre bestå av bilder, so litt tankar og eit par bibelvers gjer sikkert susen! :) Hadde ein blogg før òg, men den blei so lite oppdatert at eg fant ut at det ikkje var noko vits. Trur fotoblogg er meir tingen for meg. Kjekt hvis du kommentere litt, so ser eg at faktisk nokon brukar bloggen min, eller ikkje brukar den. :D Tenke eg starte med eit bibelvers, eg. Som eit godt og stødig grunnlag.

Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»

Joh. 4:13