Monday, March 30, 2009

Bedehuset(I ein litt uvant setting)



Dette er altså bedehuset i Strandvik. Det er eit hus som eg har mange minner frå og eit fint forhold til med alt frå søndagsskule og barnegospel til basar og misjonsmøte. Dette er vel kanskje ein litt uvant setting, men her ein fin haustkveld litt før jul, la eg merke til alle dei skumle skyggane som hadde lagt seg utover veggen, i stemningssprakande formasjonar. Og sidan eg, som vanleg, hadde fotokameraten i med meg, var det jo ingenting anna å gjere enn å knipse i veg.

Ha tru

Ha tru folkens, så vil Gud gje dykk det hjarta dykkar ynskjer!
I Matteus 21,21-22 står det:

Jesus svara: "Sanneleg, eg seier dykk: Dersom de har tru og ikkje tvilar, skal de ikkje berre gjera det eg gjorde med fikentreet. Nei, endå om de seier til dette fjellet: 'Lyft deg opp og kast deg i havet', så skal det skje. Og alt de bed om i bønene dykkar, skal de få, når de bed med tru".


Gud har så fantastisk mykje for oss, men sidan vi er menneske, og det faktisk er grenser for kor mykje vi kan forstå oss på og begripe, kan det ofte vere lett for å tenke; "Går det virkelig an?" Svaret er: JADDA! so no vil eg utfordra deg til å ta skrittet i tru. Ikkje tenk over om det virkar sansynleg at det skal skje, for nokon ting virkar berre heilt usansynlege for oss menneske. MEN då er tingen sånn at INGENTING, nei, INGEN VERDENS TING, er umogleg for vår far i himmelen. Uansett kor stort fjellet er, kan han flytte det. Og no tenkjer eg ikkje nødvendigvis på fjell sånn fysisk sett. Det kan vere svære fjell som brudd i eit forhold, fordommar, dårøeg sjølvbilde og alt det der. Gud kan fikse det, akkurat i denne augneblinken du sit og les dette innlegget(som kan forandre deg og tilværet). Tenk over det neste gang du står framfor det største fjellet du nokon gong har sett; "Gud kan ALT!"