Sunday, December 14, 2008

Back to the 60's

Innestengt


Tok dette biletet heime i vår. Sjølvsagt litt "småjustert" på datamaskineriet.

Bra start






Ein betre start på skisesongen kan ein vel eigentleg ikkje rekna med. Med tre helger på rad med ein dag i Mrykdalen i sprutande pudderføre og smoothe telemarksvingar. Når ein har gått rundt heile høsten, og heile sommaren med, og draumd om snø og telemark må ein jo berre benytte sjansen når ein har den. Eg er i alle fall stornøgd med sesongstarten og kan ikkje vente til neste gang! Over er eit par "Uforgløymelege augneblink" frå den siste helge, då eg var oppe med Andreas.

Den friheitskjensla eg får når eg står nedover djupe pudderheng er ei kjensle som eg vanskeleg kan klare å beskrive med ord. Det berre MÅ opplevast!

Misfarga?!


Tuesday, December 2, 2008

Sopp



Etter mi meining er eigentleg sopp ganske ØSJ, for å seie det på den måten. Men her i høst fann eg ut at ein faktisk kan få ganske bra bilde av desse naturleg blautkokte gjenstandene, som ein del folk faktisk likar å putte i gryta si, med brun saus og heile pakken. Så eg sprang ut i skogen, vel og merke i siste liten før sola gjekk ned(som vanleg), og knipsa eit par blautisar(i denne settingen altå: SOPP).