


Fototur med Øyvind i lokalområdet i Vikøy. Var ganske tung skodde og litt sånn småskumle værforhold. Perfekt for fotografering! Blei ein del "vassing" i snøen i og me at me var så lure å te den brattaste og strakaste veggen opp i høgden.
Det nederste biletet er frå ein relativt sløv søndags-fototur med Robert. Skal ikkje sei kor langt me gjekk, for det kan vekke alvorlege reaksjonar, i og med at det er idrettslinja vi held til på. -Ein søndagstur er det no ikkje nokon tvil om at det blei i alle fall!